Lag rom for alt det fine og rare folk finn på.

Folksamt

Hos Folksamt kan du bestille forum for små og store organisasjonar.

Eit forum er ei digital korktavle på internett der folk kan publisere innlegg og kommentera på kvarandre sine innlegg.

Forum passar for velforeningar, historielag, foreningar, interessegrupper, faggrupper, klubber, burettslag, foreldregrupper og andre grupper. Intet tema er for smalt eller breidt til å kunne passe i eit forum.

Slik funker det

Her er nokre døme på korleis forum fungerar i praksis.

Til strikkeklubben

Skap eit trygt rom på nett med eit forum der du og dine kan dele strikkeoppskriftar, planlegge eventar og elles dele stort og smått frå eigne strikkeprosjekt. Eit forum speler godt på lag med fysiske møter og blir ein plass der både nye og gamle medlem kan halde kontakten mellom møta.

Til reparasjons-kaféen

Med eit forum kan medlemma av ein reparasjonskafé dele oppdateringar rundt ulike reparasjonsprosjekt og hjelpe kvarandre. Over tid vil forumet bli ein stadig meir verdifull, søkbar kjelde til inspirasjon og reparasjonsløysinger.

Til det meste folk finn på

Av andre gode døme så kan du med eit forum skape eit rom der:

  • Velforeninga di kan planlegge bli-kjent eventer for nabolaget
  • Burettslaget ditt kan melde inn stort og smått og annonsere neste dugnad
  • Fagnettverk kan drøfte ulike problemstillingar
  • Entusiastar kan byggje miljø rundt spissfindige finurligheiter
  • Foreldregrupper kan planlegge kven som skal gjere kva neste 17. mai på den lokale skulen

Dei fleste av oss er medlem av mange forskjellige grupper gjennom både jobb og fritid. I alle desse gruppene vil det vere ulike kommunikasjonsbehov, og me merker fort når informasjonen ikkje flyter som den skal.

Om du er med i ei gruppe med behov for ryddig og enkel kommunikasjon og søkbar historikk så bør dykk vurdere å investere i eit forum.

Dine data, under din kontroll

Alle våre forum køyrer på servere i Norge. Me seljer ikkje brukardata til tredjepartselskaper. Om dykk ønsker å flytte til ein annen leverandør i framtida så hjelper me dykk med det.

Brukarvenleg og velprøvd teknologi

Våre forum er basert på Discourse, som er ein moden og moderne forum-løysing. Discourse blir i dag brukt til å drifte tusenvis av forum for ulike grupper rundt om i verda. Dette betyr også ein aukt tryggleik i at dykk alltid vil ha fleire leverandørar å velge mellom.

Oppstartstilbud på forum

Våre tidligste kunder vil me gjerne gi eit oppstartstilbud på forum som inkluderar:

  • Installasjon, oppsett, skreddersøm og drift av forum.
  • Kundesupport over epost med ekte mennesker (oss).
  • Automatisk sikkerhetskopi.
  • Opp til 100 medlemmer.
  • Forumet blir tilgjengeleg på ei nettaddresse, som til dømes dittkuleforum.folksamt.no (namnet er valgfritt). Om dykk har eit domene frå før så hjelper me dykk gjerne med gjere forumet tilgjengeleg på eigen nettaddresse.
  • Prislapp: kr 299,- inkl. moms i måneden. Første to månedene er gratis. Ingen bindingstid.

Nysgjerrig?

Meld din interesse ved å klikke på knappen over, eller send ein epost til nils@folksamt.no for ein uforpliktande prat. Då kan me avtale eit møte der du vil få demonstrert forumløysinga praksis, og du vil få høve til å stille alle dine spørsmål om korleis eit forum kan gjere kvardagen lettare for deg og di gruppe.